Presentasjon av Ordføraren
Bjørn Laugaland er ordførar i Hjelmeland kommune og han representerer Senterpartiet.
Han vil vera å treffa på kontoret når han er ledig. Vil du vera heilt sikker på å treffa han, ta gjerne kontakt med kundesenter eller ordføraren på førehand.
Telefon: 404 39 010
E-post til kommunen.
Besøks- og postadresse: Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland.
Publisert av Siri Janne Kyrkjeeide
Publisert 28.10.2015 15.24
Bjørn Laugaland er gift med Aud Meling og saman har dei tre vaksne born.
Verv:
Han har vore med i kommunestyret i to periodar, frå 1995 til 2003 og frå 2007 til dags dato.
I perioden 2003 - 2007 var han med i kontrollutvalet.
Medlem i areal- og forvaltningsutvalet (AFU) frå 1995 til 2003, og var leiar i dette utvalet frå 1999 til 2003.
Han har vore medlem i formannskapet frå 2007 til dags dato.
I tillegg har han hatt ei lang rekkje tillitsverv i offentlege utval/styre, privat næringsliv og frivillige organisasjonar.
Ordførar 2007 – 2011 og i inneverande periode.
Yrkeserfaring:
Er sauebonde på Nesland i lag med kona.
Har vore sjølvstendig næringsdrivande innafor bygg/anlegg frå 1980 til midten på nittitalet der denne verksemda gradvis vart trappa ned fram til 2005 og er no ei «sovande» verksemd.
Har vore ambulansearbeidar i Ryfylke frå 1996 til 2003.
Har arbeidd hjå Br Jørmeland AS, Randøy Stein AS, Norsk stein AS og Norstone AS.