Barn med særlege behov

Barn med særlege behov

Lurer du på om barnet ditt treng ekstra hjelp og tilrettelegging i barnehagen?

Barn med behov for spesialpedagogisk hjelp

Kva gjer du om du lurer på om barnet ditt har særlege behov?

Barn med behov for tilrettelegging ut i frå nedsett funksjonsevne
  • Barn som går i barnehage, og som har nedsett funksjonsevne, har rett til eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod slik at barnet skal kunne nytte seg av tilbodet på lik linje med andre barn.
  • Meir informasjon om tilrettelagt barnehagetilbod
  • Dersom det er behov for særskild tilrettelegging av barnehagetilbodet på grunn av nedsett funksjonsevne hjå barnet, kan føresette søke om dette i samråd med barnehagen.  
  • Kommunen fattar eit vedtak om tilrettelegging ut i frå barnet si nedsette funksjonsevne, jf. barnehagelova §37. Føresette skal verte involvert i prosessen i forkant av vedtaket. 
Klagerett
  • Føresette har klagerett ved vedtak om spesialpedagogisk hjelp § 31 og vedtak om tilrettelegging ved nedsett funksjonsevne § 37. 
  • Føresette har rett til å klage både på avslag, innhaldet i vedtaket, saksbehandlinga og manglande oppfølging av vedtaket.
  • Skjema for klage på vedtak må fyllast ut. 
    • Dersom kommunen ikkje kan imøtekoma klagen, er Statsforvaltaren i Rogaland vidare klageinstans. Me sender då klagen vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjersle.