Forventningar til dykk foreldre

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Forventningar til dykk foreldre

  • At de gir beskjed dersom andre enn mor og/eller far skal henta barnet i barnehagen, og seier frå til personalet når barnet blir henta.
  • At de held garderobeplassen og hylla ryddig og sjekkar kassen med byteklede.
  • At de gir beskjed til barnehagen innan kl 08:30, om barnet ikkje kjem.
  • At barnet blir levert i barnehagen innan klokka 9:00.
  • At barnet har med seg klede, og utstyr til all slags vær. NB!! HUGS Å MERKE KLEDA!
  • At de respekterar opetidene, som også er arbeidstida til personalet.
  • At de les orienteringar og lappar som blir sendt heim og/eller hengt i barnehagen.
  • At de følgjer med på informasjon som vert lagt ut på IST direkte.
  • At de gjer oss tilbakemeldingar dersom det er ting de opplever bra eller dårleg. Bare då kan me gjera noko med det. Fokusere meir på det som er bra, og finne andre løysingar på det som ikkje er så bra.
  • At de ikkje legg ut bilde tatt i barnehagen på eiga Facebook side.
  • At de ikkje filmar i barnehagen.
  • At bildar de tek i barnehagen bare er av eigne barn.
  • At de unngår å snakka i mobilen ved levering og henting av barna. 
  • At porten alltid vert lukka med lenka på.
  • At de møter på foreldremøte.