Sjukdom og tiltak for å unngå smitteLytt til tekstenStopp avspillingSmittefaren er stor i ein barnehage. Barnet må difor haldast heime når det er sjukt. Ein grei regel er at barnet må kunna følgja dagsrytmen i barnehagen. Ved oppkast/diare må barna vera heime minst 48 timar etter at dei er symptomfrie. Dette for å unngå smitte på dei andre barna og personalet. Dersom eit barn vert sjukt i løpet av dagen tek barnehagen kontakt med føresette. Blir barnet akutt sjuk eller utsett for ulykke, tek me kontakt med legen, og kontaktar foreldra så fort som mogeleg. Dersom barnet skal ha medisinar i barnehagen skal dette avtalast med personalet, og det skal fyljast ut eit skjema for medisinering i barnehagen. Tiltak for å unngå smitte Vask av hender når ein kjem til barnehagen, før mat og etter toalettbesøk. Hygieneopplæring. Pass på at alle brukar såpe. Bruk av papirhandkle. Klutar og handkle skal kun brukast på eit barn, deretter vaskast på kokevask. På turar nyttar ein eingangsvaskeklutar eller sprit.