Overgang barnehage - skule

Plan for overgang er overordna og forpliktande for alle barnehagar, skular og skulefritidsordningar (SFO) i kommunen.

Formålet med planen er å sikre:

  • at alle barn i Hjelmeland får ein likeverdig, trygg og meiningsfull overgang frå barnehage til skule og SFO. Barn og føresette skal oppleve ein god overgang, og barnet skal kjenne seg trygg og oppleve meistring.
  • at barn og føresette opplever at barnehagen og skulen samarbeidar for å skape samanheng og kontinuitet i læringsinnhaldet.
  • gode rutinar for samarbeid mellom barnehagene og skulane i kommunen.

Les heile planen for overgang barnehage og skule/SFO (PDF, 961 kB)

I orienteringsheftet "Snart skulestart" finn du generell informasjon om skulestart (PDF, 507 kB)

Sei opp barnehageplass