Årdal skule er ein fådelt skule for 1.-7.trinn, som ligg fint til midt på flata i Årdal.
Me har flott leikeområde (som blir oppgradert med nye leikeaparat i løpet av sommaren / tidleg haust 2020), ballbinge, grusbane og ellers stort område til leik ute.
Skulen har eigen frukthage og skulekjøkkenhage.
Visjonen vår er «Årdal skule: Trygt og Godt, Lærerikt og Kjekt»
Me vil ta vare på ungane både sosialt, psykisk og fagleg. Me skal gjera vårt for at kvar einaste elev ved Årdal skule får utnytta sitt potensiale fult ut.