FAU - Foreldrerådet sitt arbeidsval
Alle foreldre som har barn i skulen, er medlem av skulen sitt foreldreråd. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU) som er foreldrerøysta overfor skulen. FAU skal m.a. sikre medverknad frå foreldre og ha medansvar for at elevane sitt læringsmiljø er trygt og godt. FAU skal representere alle foreldre ved skulen og bidra til at samarbeidet mellom heim og skule er godt.
Foreldrerepresentantar 2024/2025:
- Rune Riskedal (leiar)
- Nye representantar vert velt 26.08.2025
SU - Samarbeidsutvalet
Samarbeidsutvalet (SU) er et rådgjevande organ utan avgjerdsmynde. SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen, og i nokre tilfelle kan styringsoppgåver, driftsoppgåver og avgjerdsmynde delegerast frå kommunen til skulen.
I Samarbeidsutvalet er alle partane i skulen representert: elevar, foreldre, undervisningspersonalet, andre tilsette og to representantar frå kommunen, kor rektor skal være den eine.
SU vil konstituere seg tidleg hausten 2025.
Skulemiljøutvalet (SMU)
Elevane, foreldra, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen skal være representerte i SMU, og elevane og foreldra skal være i fleirtal. Samarbeidsutvalget ved skulane kan også være SMU, men då må det oppnemnast fleire representantar frå elevane og foreldra, slik at dei er i fleirtal.
Du kan lesa meir om samarbeid heim - skule her