Samarbeid heim - skule

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Samarbeid heim - skule

FAU - Foreldrerådet sitt arbeidsval

Alle foreldre som har barn i skulen, er medlem av skulen sitt foreldreråd. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU) som er foreldrerøysta overfor skulen. FAU skal m.a. sikre medverknad frå foreldre og ha medansvar for at elevane sitt læringsmiljø er trygt og godt. FAU skal representere alle foreldre ved skulen og bidra til at samarbeidet mellom heim og skule er godt.

Foreldrerepresentantar 2022/2023:

  • Ine Linn Marthinsen (leiar)
  • Ruth Iren Sie (nestleiar)

SU - Samarbeidsutvalet

Samarbeidsutvalet (SU) er et rådgjevande organ utan avgjerdsmynde. SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen, og i nokre tilfelle kan styringsoppgåver, driftsoppgåver og avgjerdsmynde delegerast frå kommunen til skulen.

I Samarbeidsutvalet er alle partane i skulen representert: elevar, foreldre, undervisningspersonalet, andre tilsette og to representantar frå kommunen, kor rektor skal være den eine.

Foreldrerepresentantane skal, ifølgje opplæringslova § 11-4, være frå FAU. Den eine representanten skal være FAU-leiaren.

Foreldrerepresentantar:

  • Ine Linn Marthinsen
  • Ruth Iren Sie

Elevrepresentantar:

  • Gunnar Dalane
  • Marius Riskedal

Tilsette:

  • Gustav Hagen Aarsland (lærar)
  • Camilla Nordbø (lærar)
  • Hanne Rossemyr (representant for andre tilsette)

For kommunen:

  • Frank Bjørkhaug (rektor)
  • Gaute Hauge (politisk representant)

Skulemiljøutvalet (SMU)

Elevane, foreldra, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen skal være representerte i SMU, og elevane og foreldra skal være i fleirtal. Samarbeidsutvalget ved skulane kan også være SMU, men då må det oppnemnast fleire representantar frå elevane og foreldra, slik at dei er i fleirtal.

Du kan lesa meir om samarbeid heim - skule her