FAU - Foreldrerådet sitt arbeidsutval
Alle foreldre som har barn i skulen, er medlem av skulen sitt foreldreråd. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU) som er foreldrerøysta overfor skulen. FAU skal m.a. sikre medverknad frå foreldre og ha medansvar for at elevane sitt læringsmiljø er trygt og godt. FAU skal representere alle foreldre ved skulen og bidra til at samarbeidet mellom heim og skule er godt.
Foreldrerepresentantar 2022/2023:
• Torhild Hauge Dahl (leiar)
• Hilde Hauge (nestleiar)
• Hilde Thomsen (økonomiansvarleg)
SU - Samarbeidsutvalet
Samarbeidsutvalet (SU) er et rådgjevande organ utan avgjerdsmynde. SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen, og i nokre tilfelle kan styringsoppgåver, driftsoppgåver og avgjerdsmynde delegerast frå kommunen til skulen.
I Samarbeidsutvalet er alle partane i skulen representert: elevar, foreldre, undervisningspersonalet, andre tilsette og to representantar frå kommunen, kor rektor skal være den eine.
Foreldrerepresentantane skal, ifølgje opplæringslova § 11-4, være frå FAU. Den eine representanten skal være FAU-leiaren.
Foreldrerepresentantar:
• Torhild Hauge Dahl
• Hilde Hauge
• Hilde Thomsen
Elevrepresentantar:
• Marita Auksoriute Hetland
• Lotte Helgøy Arnesen
Tilsette:
- Solveig Romsø Øye (lærar)
- Marta Dalane (lærar)
- Anja Krause (representant for andre tilsette)
For kommunen:
- Silje Riskedal (rektor)
- Torunn Munthe (politisk observatør)
- Kolbjørn Pedersen (politisk vara)
SMU - Skulemiljøutvalet
Elevane, foreldra, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen skal være representerte i SMU, og elevane og foreldra skal være i fleirtal. Samarbeidsutvalget ved skulane kan også være SMU, men då må det oppnemnast fleire representantar frå elevane og foreldra, slik at dei er i fleirtal.
Les meir om samarbeid heim - skule.