Samarbeid heim - skule

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Samarbeid heim - skule

FAU - Foreldrerådet sitt arbeidsutval

Alle foreldre som har barn i skulen, er medlem av skulen sitt foreldreråd. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU) som er foreldrerøysta overfor skulen. FAU skal m.a. sikre medverknad frå foreldre og ha medansvar for at elevane sitt læringsmiljø er trygt og godt. FAU skal representere alle foreldre ved skulen og bidra til at samarbeidet mellom heim og skule er godt.

Foreldrerepresentantar FAU barneskulen 2022/2023:

  • Johan Mjølhus (leiar)
  • Sigurd Kleppa (nestleiar)

Foreldrerepresentantar FAU ungdomsskulen 2022/2023:

  • Katrine Stangelo (leiar)
  • Agnes Kleppa
  • Bernhard Østbøvik

Les meir om Foreldrerådet og FAU.

SU - Samarbeidsutvalet

Samarbeidsutvalet (SU) er et rådgjevande organ utan avgjerdsmynde. SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen, og i nokre tilfelle kan styringsoppgåver, driftsoppgåver og avgjerdsmynde delegerast frå kommunen til skulen.

I Samarbeidsutvalet er alle partane i skulen representert: elevar, foreldre, undervisningspersonalet, andre tilsette og to representantar frå kommunen, kor rektor skal være den eine.

Foreldrerepresentantane skal, ifølgje opplæringslova § 11-4, være frå FAU. Den eine representanten skal være FAU-leiaren.

Foreldrerepresentantar:

  • Katrine Stangelo (leiar)
  • Johan Mjølhus (nestleiar)

Elevrepresentantar:

  • Henrik Ian Vega Faustino
  • Brage Nesheim Østbøvik

Tilsette:

  • Sigrund Mosnes (lærar)
  • Unni Bergøy (lærar)
  • Lene Berge (SFO leiar)
  • Elin Jansen (representant for andre tilsette)

For kommunen:

  • Harald Ommundsen (rektor)
  • Tårn Sigve Schmidt (politisk representant)

SMU - Skulemiljøutvalet

Elevane, foreldra, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen skal være representerte i SMU, og elevane og foreldra skal være i fleirtal. Samarbeidsutvalget ved skulane kan også være SMU, men då må det oppnemnast fleire representantar frå elevane og foreldra, slik at dei er i fleirtal.

Les meir om samarbeid heim - skule.