Redusert foreldrebetalingLytt til tekstenStopp avspillingEr du usikker på om du har rett på reduksjon i betalinga for skulefritidsordninga? Her finn du spørsmål og svar som kan vera til hjelp. Kven har rett på redusert foreldrebetaling? Dette er ei inntektsavhengig ordning med redusert foreldrebetaling i SFO (1.-4. trinn) for hushald med låg inntekt. Inga hushald skal betala meir enn 6% av inntekta si for SFO-plass. Gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5.-7. trinnOrdninga er regulert i forskrift til opplæringslova kapittel 2 om skulefritidsordninga.Foreldrebetalinga reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige person- og kapitalinntekt.Kva reknast som eit hushald? Ektefellar Registrerte partnarar Sambuarar Opplysningar om inntektKommunen har tilgang til dykkar siste skatteoppgjer. Dersom inntekta dykkar ikkje stemmer overeins med skattemeldinga, eller om skatteoppgjer manglar, så må de levera anna dokumentasjon på inntekt (t.d. lønnsslipp frå siste månad.) Kva er søskenmoderasjon?Dersom ein har meir enn eit barn i SFO samtidig, får ein reduksjon i betalinga frå barn nummer to. Søk om reduksjon i foreldrebetalingaFrist for å søke er 1. juni kvart år. Du treng ikkje søka kvart år. Dersom inntekta endrar seg, eller barnet startar i SFO midt i skuleåret, kan du søka forløpande. Fyll ut elektronisk søknadsskjema om redusert foreldrebetaling. Publisert 12.04.2018 12.29 Sist endra 17.12.2025 15.06