Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Kven har rett på grunnskule for vaksne?
For å ha rett til grunnskule for vaksne må søkjaren oppfylle fire vilkår:
- Vere over opplæringspliktig alder (normalt hausten det året ein fyller 16 år)
- Ikkje ha rett til vidaregåande opplæring for ungdom
- Ha lovleg opphald i Norge
- Trenge grunnskuleopplæring
Retten er lovfesta i opplæringslova §4A-1.
Kostar opplæringa noko?
Grunnskuleopplæringa er gratis.
Kva fag er det opplæring i?
Det er tilbod om opplæring i dei fem faga ein treng for å få vitnemål for vaksne:
- Norsk
- Engelsk
- Matematikk
- Samfunnsfag
- Naturfag
Korleis sende inn søknad?
For å søke på grunnskule for vaksne må du fylle ut eit søknadsskjema.
Kor føregår undervisninga?
Me held til på Hjelmeland ungdomsskule.
Adressa er Ramsbu 7, 4130 Hjelmeland.
Meir informasjon om rettar og regelverk