Spesialundervisning for vaksneLytt til tekstenStopp avspillingVaksne kan også ha rett til spesialundervisning. Rett til spesialundervisning vert gitt gjennom sakkunnig vurdering frå PPT (pedagogisk-psykologisk teneste), eller tilsvarande andre ved akutt behov pga. sjukdom. Publisert09.05.2018 10.16 Sist endra13.03.2019 13.01 Me skil mellom to hovudgrupper: Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få eit tilfredsstillande utbytte av opplæring Vaksne som har særleg behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde vedlike grunnleggande evner Spesialundervisning for vaksne Kven kan det vere aktuelt for? Vaksne med lese-/skrivevanskar Vaksne med andre spesielle lærevanskar Vaksne med behov for rehabilitering etter sjukdom eller skade (afasi, logopedi, synspedagogikk etc.) Vaksne med psykiske vanskar Vaksne med nedsett psykisk funksjonsevne Korleis vert undervisninga tilrettelagt? Undervisninga vil vert gitt individuelt eller i gruppe, og tilpassa deltakar sitt nivå og behov. Meir informasjon om rettar og saksgang Utdanningsdirektoratet om spesialundervisning for vaksne