Undervisning i norsk med samfunnsfag

Undervisning i norsk med samfunnsfagkunnskap for flyktningar og innvandrarar er i hovudsak del i to grupper: nybegynnar og vidarekomne. 

Undervisning i norsk med samfunnskunnskap

Kven har rett og plikt til opplæring?
Kva tid er undervisninga?

Norskundervisninga føregår på dagtid mellom kl. 9.00 og kl. 14.30. 
Samfunnsfagundervisninga er lagt til dagtid i skulen sin haustferie og vinterferie, totalt 50 timar. 

Kva består undervisninga i samfunnskunnskap av?

Deltakaren skal få informasjon om rettar, plikter og moglegheiter, og kjennskap til sentrale verdiar.
Kurset haldast på deltakaren sitt eige språk eller eit språk deltakaren forstår.

Lærarverket er digitalt og oversett til fleire språk: www.samfunnskunnskap.no 

Kor føregår undervisninga?

Me held til i Vågahuset i Hjelmelandsvågen. 
Undervisninga er i 3. etasje. 

Adressa er Vågavegen 115, 4130 Hjelmeland.