Bålbrenning, brenning og sviing

Bålbrenning, brenning og sviing

Det er forbode å gjera opp eld ute i naturen i tida 15. april til 15. september. Det er altså ikkje lov å grille eller lage bål i nærleiken av skog og utmark i denne perioden. Det gjeld òg eingangsgrillar.

Dette kan du gjere

  • Tenne opp kaffibål og grille der det åpenbart ikkje kan medføra brann
  • Tenne opp kaffibål og grille på godkjente og tilrettelagte bål- og grillplassar av kommunen
  • Tenne opp kaffibål og grille i hage og i sjøkanten i god avstand frå skog og vegetasjon
  • Brenne sankthansbål (men hugs å meld frå til brannvesenet)
  • Brenne bråte og tørt hageavfall utanfor tettbygde strøk
  • Dersom du har fått lov av brannvesenet; gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark

Kva er utmark og innmark? 

  • Utmark: skog, fjell, strand, vatn og naturområder som ikkje er innmark
  • Innmark: areal som blir brukt til matproduksjon og nyttevekster. Den private sona rundt bygningar. Områder som er tilrettelagt for ei spesiell verksemd som ikkje let seg kombinere med allmenn bruk. 

Tips til trygg bålbrenning

  • Ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold
  • Det er alltid den som brenn bål som har ansvar for branntryggleiken
  • Det må være ein vaksen, edru person som har ansvaret for bålet
  • Bålet må vere i god avstand frå bygningar og vegestasjon
  • Det er ikkje lov å brenna bål på svaberg
  • Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan sløkke ved behov
  • Ha eigna slokkemiddel lett tilgjengeleg
  • Det er forbode å brenne plast, bygningsmaterialer og anna søppel
  • Når du forlet bålplassen skal bålet vere heilt sløkt

Send melding om utandørs brenning

Eingongsgrill

Om du brukar eingongsgrill, husk å vurder brannfaren mot underlaget. Under grillen blir det varmt og underlaget kan fort ta fyr eller bli skada av varmen. Set aldri grillen direkte på bakken, men bruk stativet som følger med. 

Bråtebrenning

Mange nyttar våren til å ta ei opprydding i hagen. Då er det mange som vel å brenna bråte av hageavfallet. Dersom kommunen tillet utandørs brenning kan ein brenna bråte på eigen eigedom utanfor tettbygde strøk under det generelle bålforbodet. Men, under desse føresetnadane:

  • blir gjort på ein forsvarleg måte
  • ikkje sjenerer naboar
  • skjer i dagslys
  • blir meldt til brannvesenet i forkant

Send melding om utandørs brenning

Totalforbod mot å gjere opp eld utandørs

Brannsjefen kan ved spesielle verforhold legga ned totalforbod mot å gjere opp eld utandørs. I slike tilfelle blir situasjonen vurdert slik at det ikkje er trygt å gjere opp eld utandørs, sjølv ikkje på tilrettelagte og godkjente bål- og grillplassar. 

Om det blir lagt ned totalforbod i sesongen der det er generelt forbod, vil totalforbodet gjelde fram til brannvesenet vurderer at faren er over. Brannvesenet vil gje melding når totalforbudet sluttar å gjelde. 

Dette kan du ikkje gjere

  • Det er ikkje lov å gjere opp eld utandørs i nærleiken av skog og mark eller i nærleiken av strandsona
  • Det er ikkje lov å tenne opp bål eller grille på dei vanlegvis godkjente og tilrettelagte bål- og grillplassane
  • Det er ikkje lov å nytte skogsmaskinar i skog og utmark
  • Det er ikkje lov å brenne hageavfall, heller ikkje på eiga tomt. Dette kan du levera inn til Rymi. 

Dette kan du gjere

  • Grille i din eigen hage med varsemd
  • MERK! I heilt spesielle situasjonar kan brannvesenet legga ned forbod mot ALL eld, til og med i folk sine hagar. Dette blir i tilfelle formidla på heimesida, Facebook eller via tenesta Varsle meg.

Bålbrenning, brenning av rishaugar og sviing elles må meldast inn til Rogaland brann og redning.

Send melding om utandørs brenning

Rolf Arne Olsen
Brannførebyggjar
E-post
Telefon 40 43 91 46