Feiing og tilsyn av fyringsanlegg i bustad

Feiing og tilsyn av fyringsanlegg i bustad

Kvar og når?

Feiing skal utførast så ofte som nødvendig for å hindra at brann eller andre skadar oppstår.

I utgangspunktet skal det enkelte fyringsanlegg vurderast med omsyn til kor hyppig det er behov for å feie.

Brannsjefen bestemmer kor ofte feiing skal gjennomførast, på grunnlag av erfaring frå tidlegare gjennomført feiing, fyringa si  art og omfang. Brannsjefen sett på bakgrunn av dette opp ein rullerande plan for gjennomføring av lovpålagt feiing og tilsyn etter ei behovsprøving.

 

Melding om feiing

Varsel om feiing og tilsyn vil bli sendt ut på SMS. (Du må klikke på lenkja i SMS'en for å få opp varselet.)

Dersom tidspunktet ikkje passar, så må du ta kontakt med feiaren - sjå kontaktinformasjon til høgre.
 

Tilstandsrapport og oppfølgjing av avvik

På same måte som ved varsling av feiing og tilsyn, så vil og lenkje til tilstandsrapport og oppfølgjing av avvik verte sendt ut på SMS.

Opplysningane vil og verte lagt ut her: Min eiendom

Søknad om fritak frå feiing

Kommunen kan etter søknad gje fritak frå å betale gebyr i fylgjande tilfelle:  

  • Bustaden er ubebudd i eit heilt kalenderår. 
  • Det vert berre nytta oppvarming som ikkje treng røykavløp. Ildstaden må då fjernast frå pipa eller pipa må fysisk verta sperra for bruk.

Søknad om fritak skal rettast til brannsjef.

Fritak vert gitt for året etter mottak av søknad og fram til melding om bruk av pipa vert gitt av huseigar. Vert pipa teken i bruk att etter fritak, må huseigar snarast melda frå om dette til brannsjefen.

Forskrift om feiing og tilsyn av fyringsanlegg i kommunen
Fakturaspørsmål

Viss du har spørsmål vedkommande faktura for feiing, ta kontakt med:

Kundesenteret
Tlf: 51 75 00 00
E-post: postmottak@hjelmeland.kommune.no

 

 

 

Kontakt: 

Brannførebyggjar Rolf Arne Olsen tlf. 404 39 146

Rolf Arne Olsen
Brannførebyggjar
E-post
Telefon 40 43 91 46