Bruksendring

Me ønsker å legga til rette for at fleire skal kunne bruke hytta som heilårsbustad. Bruksendring frå fritidsbustad til bustad må søkast om i tråd med plan- og bygningslova § 20-1 d. I tillegg må det, i dei fleste tilfeller søkast dispensasjon frå planar som gjeld der tomta ligg. 

For å gje løyve til bruksendring skal bygget ha ein standard tilsvarande heilårsbustad, jamfør byggteknisk forskrift.

For å kunne gje dispensasjon må følgande være ivaretatt:

  • bustaden skal ha innlagt straum og vatn.
  • løysing for avløp skal tilfredsstilla dei krava me sett til helårsbustad.
  • atkomst skal være vinterbrøyta og ikke være tilknytta stengt bomveg. Dette på grunn av tilkomst  for utrykningskjøretøy.
  • i søknaden skal det koma fram kva grunnen er for ønsket om omgjering til bustad.

Dispensasjon og løyve til bruksendring vert gjort for sjølve bygget. Det vil være lettare å gje dispensasjon for ein avgrensa tidperiode. Til dømes for eit bestemt antall år, til eit eventuelt sal, m.m. Midlertidig bruksendring kan i ein del høve bli gitt sjølv om ein ikkje kan gje dispensasjon til varig bruksendring.

Retningslinjer for endring av fritidsbustad til heilårsbustad.