Viss du ønskjer å bygge, rive eller endre noko som er i strid med lovar, reglar og planbestemmelser for din eigedom, kan du søkje om dispensasjon. Dispensasjon vil seie at kommunen gir nokon løyve i ei konkret sak til å bygge eller gjere noko som ikkje er i samsvar med desse reglane.
Hovudregelen er at alt skal byggjast slik at det er i samsvar med plan- og bygningslova med tilhøyrande føresegner og planar. Dei forskjellige områda i kommunen har ulike planbestemmelser. Når du skal bygge noko må du difor finne ut kva for bestemmelser som gjeld for din eigedom.
Reguleringsplanar og kommuneplan er tilgjengeleg i kommunens planregister. I planregisteret kan du også sjå om det er gitt dispensasjonar innafor den enkelte planen.
Dispensasjon kan være varig eller tidsbegrensa. Du kan søkje om dispensasjon fra alle bestemmelser, men ikkje frå saksbehandlingsreglar.