Før de startar opp med ein teknisk plan, ønsker me å ha eit oppstartsmøte med dykk. Møtet må avtalast med avdeling vatn og avlaup, så koordinerer dei med nødvendige deltakarar frå veg, teknisk og renovasjon.
Kontaktinformasjon
Gry Fagerland Sjursen, saksbehandlar vatn og avlaup, tlf. 952 49 670.
Søknad
Ansvarleg søkar skal levera ein fullstendig søknad til kommunen.
Standard skjema for søknad om fråvik i forbindelse med tekniske planar.
Sjekkliste teknisk plan.
Søknaden skal innehelde:
- Oversiktskart som viser utbyggingsområdet si avgrensning.
- Oversiktskart som viser kva areal som skal overdragast til drift og vedlikehald av kommunen (markerast med farge)
- Oversiktskart som viser konstruksjonar under/over offentleg areal.
- Utbyggingsavtale, der dette er inngått.
- Masterplan som viser all infrastruktur som skal plasserast i offentleg areal, som
- vass- og avlaupsanlegg
- høgspent
- fjernvarme
- gass
- kablar
- sandfang
- drensleidningar
- Overvassplan med beskriving som viser overvasshandtering med
- fordrøyningsmagasin
- reinsepark
- overlaup
- flomvegar
- Tekniske tenkingar ifølge gjeldande normar og revisjonar
- Plan for belysning
- Beskriving av arbeidet, ifølge Norsk standard
- Kvalitetsplan for prosjektet
- Utfylt sjekkliste for prosjektet
- Avviksskjema for søknad om dispensasjon frå gjeldande norm.
- Faseplan for trafikkavvikling - med beskriving
Me gjer merksam på at behandlinga er ei prinsipiell uttale av planar og tekniske løysingar.
Ansvarleg prosjekterande er likevel ansvarleg for at krava i normene er oppfylte, at ønska funksjon blir ivareteke, samt at anlegga kan gjennomførast etter godkjente planar.
Publisert 11.04.2023 10.37
Sist endra 21.03.2024 13.29