Brønn kan være både søknadspliktig og unntatt søknadsplikt. For informasjon om regelverket, ta kontakt med byggesaksbehandlar.
Publisert 19.06.2018 13.56
Sist endra 23.10.2023 10.55
Analyse
Dersom du ønsker å analysere drikkevatnet, kan du bestille analysepakke direkte i frå lab. Du får då tilsendt prøveflasker og emballasje, med returkonvolutt og instruksjonar i posten. Du finn fleire aktørar som tilbyr slike tenester.
Tryggleik
Du har sjølv eit ansvar for å sikre brønnen, for å unngå skade og drukning.
Brønn eller dam som antas å medføre særleg fare for barn kan kommunen pålegge gjenfylt eller sikra på annan måte. Gjenfylling kan likevel ikkje skje dersom brønn eller dam er påkrevd av omsyn til vassforsyninga. Dammar som fall inn under vassressurslova skal sikrast etter reglande i lova.
Eigar er ansvarleg for at anlegg er sikra som nevnt over. Er grunnen bortleigt meir enn to år, kviler ansvaret på leigaren/festaren.