Tilknyting til offentleg vatn og avlaup

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Tilknyting til offentleg vatn og avlaup

Alle bygningar som har innlagt vatn og avlaup, og som ligg i tettbygde strøk, skal knytast til offentleg vass- og avlaupsanlegg. Me har også nokre kommunale avlaupsanlegg og vassleidningar utanfor tettbygde strok. Bygningar som ligg her skal på lik linje med bygningar i tettbygde strok kopla seg til kommunalt nett.

Kven utfører tilknytinga?

Arbeidet med å kople ein bygning eller anna til kommunalt vass- og avlaupsnett må gjerast av godkjend føretak. Føretak som skal gjere utandørs arbeid må ha ADK-1 sertifisering.

Utøvande føretak har ansvar for å sende inn søknad om sanitærabonnement før tilknyting, eller rehabilitering av gamle stikkleidningar som er tilknytt kommunalt vass- og avlaupsanlegg. Arbeid på private stikkleidningar er ikkje tillate før kommunen har godkjent søknaden.

Etter at arbeidet er avslutta skal dei sende inn ferdigmelding. Vedlagt ferdigmeldinga skal det følgje ei skisse over utført arbeid og innmåling i sosi- eller kof-format.