Brot på offentleg vassleidning

Brot på offentleg vassleidning

Om du oppdagar lekkasje på kommunal vassleidning utanom ordinær arbeidstid, kontakt vakttelefonen på 975 07 200. Innafor ordinær arbeidstid, ta kontakt med kundesenteret.

Vasslekkasje på privat stikkleidning - du pliktar å stoppe lekkasjar

Når du eig ein bygning som er knytt til den kommunale vassforsyninga, er leidninga frå bygget og fram til kommunen si hovudleidning ditt ansvar og din eigedom. Denne leidninga kallast stikkleidning. Dersom du opplev lekkasje på denne leidninga, må du ta kontakt med eit entreprenørfirma. 

HUGS! Ein lekkasje med storleik som ein blyant kan forsyne 100 bustadar med drikkevatn.