Leidningskart

Leidningskart

Me har eit digitalt vass- og avlaupskart, her er kommunale anlegg registrert. Det er også registrert ein del private vass- og avlaupsanlegg. 

Kven kan få tilgang til kartet?

Leidningskartet er tilgjengelig for eigar av eigedommar tilknytt kommunalt - eller privat vass- og avlaupsanlegg.

Byggfirma, prosjekterande ingeniørar, entreprenørar, røyrleggarar og andre med ADK-1 kan få tilgang til leidningskartet i samband med arbeid dei skal utføre. 

Ta kontakt med kundesenteret på e-post postmottak@hjelmeland.kommune.no eller tlf. 51 75 00 00 dersom du vil ha tilgang til kartet. 

Korleis blir kartet oppdatert?

Me jobbar kontinuerleg med oppdateringar av leidningskartet.  

Av den grunn er det viktig at den som er ansvarleg for prosjektet sender inn endeleg dokumentasjon ved ferdigstilling av anlegget. 

Registrering av private anlegg i kartet

Leidningskartet er tilgjengelig for registrering av alle private vass- og avlaupsanlegg. Inkludert private slamavskiljarar, brønnar, stakekummar, drenskummar, stoppekraner og grøfter.

Om ein ønsker sitt vass- og avlaupsanlegg registrert i leidningskartet, kan dokumentasjon i form av innmåling i sosi- eller kof-format sendast inn til postmottak@hjelmeland.kommune.no. Vass- og avlaupsanlegget vil då bli registrert i kartet og være tilgjengeleg på førespurnad.