Før det vert sett i gong arbeid på private stikkleidningar for vatn og avlaup skal kommunen godkjenna dette. Føretak som skal utføra rørleggjararbeid og sanitærinstallasjonar skal vera godkjend i naudsynt tiltaksklasse (sentral eller lokal godkjenning) i tråd med plan- og bygningslova. Utførande føretak skal ha gyldig ADK1-bevis.
Etter at arbeidet er ferdig, må det søkjast om ferdigmelding. Det må leggjast med AS-Built-fil som viser korleis tiltaket er bygd i SOSI- og PDF-format som vedlegg til søknaden.
Alle søknadar knytta til vass- og avlaupsarbeid skal sendast inn via Volue entreprenørportal og private anlegg skal nyttast ved innsending av:
- Søknad om sanitærabonnement
- Ferdigmelding for røyrarbeid
- Registrering av vassmålar
- Søknad om utsleppsløyve
- Søknad om påslepp av feitthaldig avlaupsvatn
- Søknad om påslepp av oljehaldig avlaupsvatn
- Registrering av feitt- og oljeutskiljar ved etablering av ny eller utskifting av eksisterande utskiljar.
Opprett brukar i entreprenørportalen
Du treng berre ein brukar for bedriften. Når brukar er oppretta kan bedriften sjølv legga til brukarar i sin organisasjon.
Dersom ditt firma ikkje er registrert som brukar av systemet, må de oppretta ein brukar.
Her kan du sjå ein video som visar registreringsprosessen
Løysinga vert brukt i Sandnes, Sola, Klepp, Time, Strand, Hjelmeland, Kvitsøy og Stavanger kommune.
Kontaktperson
Spørsmål kan rettast til Gry Fagerland Sjursen på e-post: gry.fagerland.sjursen@hjelmeland.kommune.no