Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Familievern

Familievernkontoret tilbyr gratis parterapi, familieterapi og obligatirisk mekling ved samlivsbrot. Dei fleste nyttar denne tenesta for rådgjeving og samtalar om kvardagsproblem i parforholdet, eller når det er vanskar, konfliktar eller krisar i familien. 

Gratis tilbod til deg som innbyggar

Du som er innbyggar i kommunen kan nytta dette tilbodet. Du treng ikkje tilvising. Familievernkontoret er ope og tilgjengeleg for alle, og du kan ringa dei for å få råd og rettleiing eller timeavtale. Dei tilbyr samtalar på kontoret, på Teams og per telefon. Fysisk møte må avtalast på førehand. 

Dei som jobbar på familievernkontoret er utdanna

  • psykologar
  • pedagogar med vidareutdanning i familieterapi
  • sosionomar med vidareutdanning i familieterapi

Alle som jobbar på familievernkontoret har teieplikt. 

Besøk heimesida deira for meir informasjon

Kontaktinformasjon

  • telefon - 51 53 81 50
  • e-post - familievernkontoret.sor-rogaland@bufetat.no
  • adresse - Bergelandsgata 13, 4012 Stavanger

Timebestilling alle dagar mellom kl. 9-14

Opningstider kl. 8.30-15.30