Fysioterapi

Avdelinga finn du i Helsehuset på Hjelmeland, det er i same bygg som legekontoret held til.

Alle fysioterapeutane våre jobbar med polikliniske, fysioterapeutiske behandlingar.

I hovudtrekk jobbar me med:

  • Undersøking og behandling. Behandling kan vere individuell og i gruppe.
  • Habilitering og rehabilitering i tverrfagleg samarbeid.
  • Rettleiing og informasjon.
  • Førebyggande og helsefremmande arbeid.
  • Formidling av visse hjelpemiddel (kartlegging, opplæring, oppfølging).

Treng du tilvising frå lege? 

Det er ikkje lenger nødvendig med tilvising frå lege eller spesialist, sjølv om du framleis kan få det (og ofte set vi pris på relevant informasjon frå legen!). Ta kontakt med fysioterapeutavdelinga på telefon for å melde ditt behov.

Me har som regel ei venteliste og ventetida kan variere. Enkelte pasientgrupper blir prioriterte, avhengig av diagnosen (til dømes etter operasjon, alvorlege skader eller slag).

Betaling

Alle må betale eigendel for behandling og undersøking av fysioterapeut etter takstar jamfør Forskrift om stønad til dekning av utgifter til fysioterapi.

Unntaket er barn under 16 år og personar med godkjent yrkesskade (for behandling relatert til denne skaden). Dei har rett til fri behandling.

Frikort for helsetenester

Det er no eitt felles eigenandelstak for alle helsetenester som utløyser godkjente eigenandelar. Du kan lesa meir om ordninga på helsenorge.no.

Transport

Dersom du av medisinske grunnar ikkje kan køyra bil eller ta buss kan me rekvirera drosjetransport til og frå behandling.

Dersom du av trafikkmessige årsaker har problem med transport, må du sjølv ta kontakt med pasientreiser om du kan ha rett til drosjetransport.

Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Fysioterapi på omsorgssentra

Pasientar som er innlagt på omsorgssenter, både kortvarig og langvarig, kan få fysioterapi, opptrening og rehabilitering etter behov.

På Hjelmeland omsorgssenter kan me tilby intensiv, dagleg oppfølging om nødvendig.

Årdal omsorgssenter får besøk av fysioterapeut ein gong i veka.

Kontaktinformasjon

Asbjørg Kvame Hetlesæter - tlf. 404 39 081

Michael Boado - tlf. 404 39 033

Nafel Boado - tlf. 404 39 164

Adresse

Besøksadresse er Prestagarden 15, 4130 Hjelmeland.

Postadresse er Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland.