HeimehjelpLytt til tekstenStopp avspillingHeimehjelp er eit tilbod til personar som er avhengig av hjelp og praktisk bistand i kvardagen på grunn av sjukdom, alder, nedsett fysisk eller psykisk funksjonsevne eller andre årsaker. Publisert30.04.2018 13.39 Sist endra19.06.2019 09.50 Heimehjelpa hjelp deg med: praktiske oppgåver som reingjering, oppvask, tilberedning av mat eller andre aktivitetar nye løysningar, rettleiing og opplæring slik at du klarar meir sjølv i forhold til reinhald av heimen din Heimehjelp Korleis søker eg? Søknadsskjema. (PDF, 351 kB) I søknadsskjemaet beskriv du dine behov for hjelp. Me vurderer helsetilstanden din, og finn det tilbodet som passar best for deg. Kva kostar det? Betaling for heimehjelp (kr. pr. time) Betaling for heimehjelp (kr. pr. time) Netto inntekt Gebyr i kr. Inntil 2G 97 2G-3G 161 3G-4G 213 4G-5G 268 5G og over 323 Betaling for heimehjelp (maks kr. pr. mnd) Betaling for heimehjelp (maks kr. pr. mnd) Netto inntekt Gebyr i kr. Inntil 2G - makspris Avventes (sats 2020 = 210) 2G - 3G 1 052 3G - 4G 1 697 4G - 5G 2 438 5G og over 3 068 Kva blir forventa av meg som brukar? Gje beskjed dersom brukaren ikkje er heime til avtalt tid Sørge for framkomelegheit til bustad Halde husdyr i anna rom eller i band ute - det er venta at du sjølv gjer reint etter husdyret Ikkje røyke når personalet er til stades Gi beskjed om endring i helsetilstand og eventuelt hjelpebehov Legge til rette for gode arbeidsforhold og installering av tekniske hjelpemidel Nødvendige hushaldingsartiklar og utstyr må være tilgjengelig Flytande handsåpe og tørkerull må være tilgjengelig for personalet Oppgåver brukaren sjølv kan utføre inngår ikkje i tenesta At brukaren er til stades i bustaden når heimehjelp blir gitt Gi tilbakemelding til einingsleiar dersom brukaren ikkje er nøgd med tenesta Kan eg klaga på eit vedtak? Ja, det kan du. Ta kontakt med einingsleiar ved Hjelmeland omsorgssenter. Vilkår for tildeling av heimehjelp. (PDF, 370 kB)