HeimesjukepleieLytt til tekstenStopp avspillingHeimesjukepleien gir hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med nedsett fysisk eller psykisk funksjonsevne som bur heime eller i omsorgsbustad. Dei hjelper deg slik at du skal få bu heime lengst mogleg. Publisert 30.04.2018 13.19 Sist endra 14.08.2023 03.07 Hjelpen blir tilpassa ditt individuelle behov, og kan for eksempel være: pleie og omsorg sårstell og medisinsk behandling i samarbeid med lege kreftomsorg hvor kreftsjukepleier bistår med samtaler, oppfølging, pleie og omsorg etter behov rettleiing og opplæring som gjør at du i størst mogleg grad klarar deg sjølvHeimesjukepleie vert gitt 24 timer i døgnet. Korleis søker eg? Søknadsskjema. (PDF, 351 kB) I søknadsskjemaet beskriv du dine hjelpebehov og kva for tenester du meiner du treng. Me vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg. Kva kostar det? Heimesjukepleie er gratis. Kva blir forventa av meg som brukar? Gje beskjed dersom brukaren ikkje er heime til avtalt tid Sørge for framkomelegheit til bustad Holde husdyr i anna rom eller i band ute Ikkje røyke når personalet er til stades Gje beskjed om endring i helsetilstand og eventuelt hjelpebehov Legge til rette for gode arbeidsforhold og installering av tekniske hjelpemiddel Flytande håndsåpe og tørkerull må vere tilgjengeleg for personalet Oppgåver brukaren sjølv kan utføre inngår ikkje i tenesta Vise forståing for heimesjukepleiar sine prioriteringar i forhold til tidspunkt for hjelp Gje tilbakemelding til einingsleiar dersom brukaren ikkje er nøgd med tenesta Kan eg klaga på eit vedtak? Ja, det kan du. Ta kontakt med einingsleiar ved Hjelmeland omsorgssenter. Vilkår for tildeling av heimesjukepleie. (PDF, 364 kB)