MatleveringLytt til tekstenStopp avspillingKjøkkenet på Hjelmeland omsorgssenter lagar mat til dei som bur ved omsorgsentra. Dei kan i tillegg levere middag til dei som bur heime. Publisert 30.04.2018 14.33 Sist endra 19.06.2019 09.49 Kven kan få middagslevering? Heimebuande eldre eller andre personar som på grunn av sjukdom, alder eller andre årsaker ikkje er i stand til å ivareta sitt ernæringsbehov, kan søke om å få middagslevering. Du må søke og ditt behov vil bli vurdert. Korleis søke om å få tilbodet? Du må fylle ut eit søknadsskjema for å få tilbodet. Søknadsskjema. (PDF, 351 kB) Kva kostar det? Gebyret gjeld frå 01.01.2019. Betaling for mat og middagslevering 2022 Mat Gebyr i kr. Frokost/kveldsmat 51 Middag servert i omsorgsenter, pensjonist 87 Middag servert i omsorgsenter, andre 117 Middag for oppvarming heime 123 Spesialdiett for oppvarming heime 138 Kor ofte kan eg få levert mat heim? Me kan levera middag heim til deg og har to dagar i veka der me køyrer ut maten. Du kan sjølv bestemme kor mange middagar du vil bestille, men me har eit minimumskrav på to middagar per veke. Maten består av middag, med suppe eller dessert. Maten blir levert kald og skal varmast opp heime hos deg. Når du får maten, er det viktig at den blir plasser i kjøleskap så snart som mogleg. Kvart måltid er merka med namn og kva dag det er tiltenkt. Me kan levera spesialkost, som glutenfritt, laktosefritt og purékost. Kan besøkande kjøpe mat? Besøkande ved omsorgssenteret på Hjelmeland kan kjøpa enkle rettar i kafeen. Dersom du ønsker å eta middag, må det bestillast på førehand.