Ein trygghetsalarm bidrar til at du kjenner deg trygg i eigen heim, ved at du enkelt får hjelp ved akutte situasjonar.
Publisert 30.04.2018 13.59
Sist endra 14.08.2023 03.07
Kva er ein trygghetsalarm?
Det er ein alarm som du har på deg til ei kvar tid. Dersom du utløyser trygghetsalarmen, vil helsepersonell umiddelbart ta kontakt eller komme heim til deg.
Alarmen kan du ha rundt halsen som et "smykke" eller på armen som ei "klokke".
- Alarmen skal kun benyttast i akutte situasjonar
- Du må kunne bruke alarmen
- Du må sørge for at det er mogleg å tilkoble trygghetsalarm
Heimetenesta monterer ein nøkkelboks, kor nøkkel til inngangsdøra skal oppbevarast.
Kven kan få ein slik alarm?
Dei som av ulike grunnar kan ha behov for å tilkalla hjelp frå kommunen si heimetenteste.
Korleis søker eg?
Når kommunen har motteke din søknad, får du besøk av nokon som vurderer din situasjon og om du har behov for ein trygghetsalarm.