Familieterapeut

Familieterapeut

Familieterapeuten arbeidar for å fremme positiv utvikling, tilknyting og endring for barn, ungdom og deira familiar. Alle i ein familie vert påverka om eit familiemedlem strever og har vanskar. Problem og vanskar er noko me er saman om, strever med i fellesskap og som me har moglegheit til å løysa saman.

Dette vert gjort gjennom foreldrerettleiing, styrking av foreldrekompetanse, utviklingsstøttande samspel og kunne gje samtalar med familien og den enkelte etter behov.

Familieterapi/parterapi bidreg til å løyse problem og vanskar saman med dei som er viktigaste for den enkelte, familien og andre nære personar. 

Tilbodet er for barn og ungdom og deira føresette. Tenesta er eit lågterskeltilbod med forebyggande fokus.

Eksempel på situasjonar der familieterapi kan vera til hjelp: 

  • barn som strever med å handtera to heimar etter samlivsbrot
  • tilbyr individ/par og familiesamtalar
  • vanskeleg overgang inn i foreldrerolla
  • føresette som ønsker støtte i det å vera foreldre
  • familiar som er i vanskelege livssituasjonar som for eksempel ved samlivsbrot, dødsfall og fysisk/psykisk sjukdom
  • familiar som har utvikla negative samspillsmønstre over tid
  • vanskar med relasjonar og kommunikasjon

Kontaktinformasjon

  • Mari Madland
  • Tlf. 404 39 049

Kontortid på helsestasjonen:

  • Onsdagar kl. 12.00-19.00