Helsestasjon for born

Helsestasjon for born

Alle barn i alderen 0-5 år får time etter fastsatt program.

Tilbodet omfattar blant anna

  • helseundersøkingar
  • rådgiving med oppfølging/tilvising ved behov
  • opplysning
  • rettleiing individuelt og i grupper
  • heimebesøk

Barn har rett til helsekontroller i den kommunen der barnet bur eller midlertidig oppheld seg, jf. pasient- og brukerrettighetsloven § 6-1.

Barn som har feber, oppkast, diaré eller smittsame sjukdommar kan ikkje møte på helsestasjonen. 

Dersom du er usikker på kor du kan få hjelp med dine spørsmål/utfordringar, kan me hjelpa deg vidare.

Kor ofte må ein på helsestasjonen?
Kor ofte må ein på helsestasjonen?
Når Kva
0-2 veker Alle foreldre med nyfødte barn blir kontakta av helsesjukepleiar for å avtala heimebesøk.
4 veker Time hos helsesjukepleiar.
4-8 veker Tilbod om å delta i barselgruppe.
6 veker Time hos helsesjukepleiar og lege. Vaksine.
3 månadar Time hos helsjukepleiar. Vaksiner.
4 månadar Time i gruppe med helsesjukepleiar og fysioterapeut.
5 månadar Time hos helsesjukepleiar. Vaksiner.
6 månadar Time hos helsesjukepleiar og lege.
8 månadar Time hos helsesjukepleiar.
10 månadar Time hos helsesjukepleiar.
12 månadar Time hos helsesjukepleiar og lege. Vaksiner.
15 månadar Time hos helsesjukepleiar. Vaksine.
2-2,5 år Time hos helsesjukepleiar og lege.
4-4,5 år Time hos helsesjukepleiar. Høyrsels- og synstest.
Kvifor får barnet mitt vaksine?

Du vil få tilbod om gratis vaksiner til barnet ditt ut frå gjeldande nasjonalt barnevaksinasjonsprogram. 

Allergisk reaksjon på vaksiner kan skje i sjeldne tilfelle, og alle barn skal difor observerast i minst 20 minutt etter vaksinasjon.

Reiser utanlands

Skal de reise utanlands kan det være nødvendig med fleire vaksiner enn det helsestasjonen tilbyr. Ta kontakt med helsesjukepleiar eller annan reisevaksinatør i god tid før avreise, slik at barnet rekk å gjennomføra dei anbefalte vaksinasjonane. Les gjerne råd frå NHI, før du bestemmer deg for å ta med små barn på reise.

Treng du time utanom fast avtale?

Treng du å snakke med helsesjukepleiar eller vege barnet utanom dei faste avtalane, kan du bestille time per telefon, 404 39 070 eller 404 39 073. 

Kva er hensikten med ei barselgruppe?

Hensikten med gruppa er at nybakte foreldre kan møta andre i same situasjon, og utveksle erfaring. Møta er uformelle, men blir leda av ein fagperson. 

Dette er eit tilbod for alle som har barn frå nyfødt til 1 år. Me treff kvarandre i Helsehuset på Hjelmeland, annankvar veke. Du får ei eiga oversikt over datoar og tema av helsesjukepleiar.

Etter at barnet er 1 år, oppfordrar me til at gruppa har treff på eigahand. 

Heimebesøk etter fødsel

Etter ein fødsel vil de ble kontakta av helsesjukepleiar eller jordmor for å avtala eit heimebesøk, normalt innan 48-72 timar etter heimkomst. Har du ikkje høyrt frå helsestasjonen dei første dagane etter heimkomst, er det fint om du tek kontakt.

Fokus ved heimebesøk vil då være foreldra si fødselsoppleving og mor sin helsetilstand. Me vil også rettleie i amming/ernæring og veie barnet. 

Med heimebesøk ønsker me å etablere eit godt samarbeid om barnet si helse og utvikling, heilt frå starten. Me ønsker difor at begge foreldre er til stades. Me forsøker å tilby råd og rettleiing ut frå behov. 

Når me er på heimebesøk, får du timekort med tidspunkt for første rutineundersøking ved helsestasjonen.

Kristin Kostøl Helgaland
Leiande helsesjukepleiar
E-post
Telefon 40 43 90 70
Iren Urdal
Helsesjukepleiar
E-post
Telefon 40 43 90 73
Asbjørg Kvame Hetlesæter
Kommunefysioterapeut
E-post
Telefon 40 43 90 81

Åpningstider

Måndag - fredag
kl. 8.00 - 15.30

Adresse

Prestagarden 13
4130 Hjelmeland

Postadresse
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland