Innsynsrett og overføring av journal ved flyttingLytt til tekstenStopp avspillingHelsestasjons- og skulehelsetenesta pliktar å føre journal med helseopplysningar. Journalføring foretas på bakgrunn av kva helsepersonell er plikta til å skrive ned, og på bakgrunn av kva dei ut frå ei fagleg vurdering, finn nødvendig og hensiktsmessig. Journalen skal bidra til ei fagleg forsvarlig oppfølging av barnet/eleven. Publisert22.05.2018 12.33 Sist endra12.03.2019 15.33 I sped- og småbarnsalderen, og så lenge det er naturleg, er det dei føresette som varetek dei rettigheter barnet har som brukar av helsestasjons- og skulehelsetenesta. Innsynsrett Føresette/eleven har som hovudregel rett til innsyn i alle opplysningar som handlar om barnet/eleven. De har også rett til kopi av desse opplysningane. Ved kopi av journalnotater må de betala eit vederlag fastsatt av Sosial- og helsedepartementet. Overføring av journal ved flytting/skulestart/bytte av skule Hovudregelen er at journalen skal overførast ved flytting til ny helsestasjon eller skulehelseteneste, for å sikre ein fagleg forsvarlig oppfølging. Har du spørsmål i forbindelse med oversending av journal, kan dette tas opp med helsestasjonen eller skulehelsetenesta før flytting.