Jordmor

Jordmor

I kommunen har me har jordmor i 40% stilling. Jordmor tilbyr mellom anna tidlege samtalar, svangerskapskontrollar og heimebesøk etter fødsel. 

Jordmor kan hjelpe med

  • Samtalar og rettleiing i planleggingsfasen
  • Følge opp gravide og fosteret si helse gjennom regelmessige svangerskapskontrollar
  • Gi støtte og omsorg i svangerskap og barseltid
  • Informasjon om fosteret si utvikling, amming, fødsel og barsel
  • Tilby heimebesøk etter fødsel
  • Diskutera og svara på spørsmål og emner kvinna sjølv ønsker å belysa

Tema kan vera

  • Levevanar
  • Tilknytting til barnet i magen
  • Mor si fysiske og psykiske helse
  • Førebuing til amming
  • Førebuing til fødsel
  • Førebuing til foreldrerolla og barseltid

Det blir også utført medisinsk kontroll av mor med urinprøve og måling av blodtrykk, samt måling av vekst, leie og lytting av hjartelyd på foster. 

Oversikt over svangerskapskontrollane (PDF, 19 kB)

Heimebesøk

Dette er eit tilbod til alle, også dei som ikkje har gått til jordmor i svangerskapet. 

Målet med heimebesøk er å etablere eit godt samarbeid om barnet og mor si helse heilt frå starten av. 

Jordmor og helsesjukepleiar vil koma heim til dykk ein av dei første dagane etter heimkomst. Me ser på trivselen til barnet, vekt og rettleiar i amming saman med dykk som foreldre. Me ser også på helsetilstanden til mor og snakkar om fødselsopplevinga saman med dykk. 

Kontortid

  • Måndagar kl. 8-15.30
  • Onsdagar kl. 8-15.30

Kontaktinformasjon

Telefon 404 39 071 for timebestilling og avtale om heimebesøk. 

Du kan også kontakte helsestasjonen på telefon 404 39 070 eller telefon 404 39 073.