1. klasse
Undersøking av helsesjukepleiar og lege på helsestasjonen på Hjelmeland.
2. klasse
Vaksinasjon på skulen, eller helsestasjonen på Hjelmeland etter avtale.
3. klasse
Høgde- og vektmåling på skulen.
5. klasse
Informasjon i klassane om folkehelse og psykisk helse.
8. klasse
Helsesamtale med alle elevar, samt måling av høgde og vekt.
9. klasse
Seksualundervisning på skulen.
Kvifor får barnet mitt vaksine?
Du vil få tilbod om gratis vaksiner til barnet ditt ut frå gjeldande nasjonalt barnevaksinasjonsprogram.
Allergisk reaksjon på vaksiner kan skje i sjeldne tilfelle, og alle barn skal difor observerast i minst 20 minutt etter vaksinasjon.
Skal de reise utanlands kan det være nødvendig med fleire vaksiner enn det helsestasjonen tilbyr. Ta kontakt med helsesjukepleiar eller annan reisevaksinatør i god tid før avreise, slik at barnet rekk å gjennomføra dei anbefalte vaksinasjonane. Les gjerne råd frå Folkehelseinstituttet, før du bestemmer deg for å ta med små barn på reise.
Brosjyrar og informasjonsskriv
Publisert 22.05.2018 10.20
Sist endra 05.06.2023 03.02