Vaksinering

Foreløpig leveringsplan for årets influensavaksine er veke 46. 

Det blir vaksinering i Hjelmelandshallen også i år. 

Dato for vaksinering blir annonsert når leveringsdato er bekrefta. 

Målgrupper for vaksineringa

Målgruppe som tilrådast oppfriskingsdose av koronavaksine for haust- og vintersesongen.

Målgruppe som tilrådast sesonginfluensavaksine.

Målgruppe som tilrådast pneumokokkvaksine (påfyll kvart 6. år).

Reisevaksinering 

Treng du påfyll av vaksine, t.d. mot stivkrampe eller reisevaksinering? 

Me har ikkje reisevaksiner på lager. Du må difor bestille ein konsultasjon med lege, gjerne på telefon, for å få resept på aktuell vaksine. 

Etter at du har henta vaksina/vaksinene kan me setta den/dei. 

Ta kontakt med legekontoret for å avtale tid for både telefontime og tid til å sette vaksina.