Hukommelsesteam

Hukommelsesteam

Teamet består av ein sjukepleiar, ein ergoterapeut og ein hjelpepleiar. Me samarbeider med fastlegar, heimetenesta og anna helsepersonell. Me ønsker å hjelpe enkeltpersonar og deira familiar der det er mistanke om begynnande hukommelsessvikt. 

Kva kan me tilby? 

Hukommelsesteamet er eit lågterskeltilbod til personar som har fått problem knytt til hukommelsen. Teamet kjem på heimebesøk etter ønske frå brukar sjølv eller pårørande. Dei har tausheitsplikt. 

Kva kan hukommelsesteamet bistå med?

Dei kan bistå med å kartlegge årsaka til hukommelsessvikten. Denne kartlegginga er eit ledd i ei vidare undersøking. Hukommelsesteamet samarbeidar med fastlegane om undersøkinga på bakgrunn av kartlegging og samtale med brukar og pårørande.

Tidleg diagnostisering er viktig for å 

  • utelukka sjukdom
  • gi pårørande og brukarar informasjon og kunnskap for å tilrettelegge kvardagen
  • planlegge livet
  • søke hjelp i tide

Teamet vil i samanheng med kartlegginga gi informasjon om aktuelle tenestetilbod i kommunen. I tillegg gir me råd og rettleiing om korleis kvardagen kan tilretteleggast i det daglege. Me bistår med søknad om hjelpemidlar.

Me tilbyr oppfølging etter kartlegging og gir eit tilpassa tilbod til brukar og pårørande. 

Kven kan kontakta oss? 

  • Helsepersonell
  • Personar ramma av demens
  • Pårørande og venner

Kontaktinformasjon 

Helsehuset, legekontoret

  • Solfrid Kleppa, sjukepleiar
  • Tlf. 404 39 085 mellom kl. 09-14
  • Besøksadresse: Prestagarden 13, 4130 Hjelmeland

Hjelmeland omsorgssenter

  • Solfrid Skjerahaug Natland, ergoterapeut
  • Tlf. 404 39 094 mellom kl. 09-14
  • Besøksadresse: Prestagarden 46, 4130 Hjelmeland