Koordinerande eining

Koordinerande eining (KE) skal bidra til at alle som bur i kommunen skal få hjelp uavhengig av type behov eller teneste. Den koordinerande eininga skal bidra til at tenestene blir lettare tilgjengeleg for publikum.

Det er koordinerande eining som har ansvar for individuelle planar. Alle med behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til individuell plan (IP).

Les meir om lovgrunnlaget for koordinerande eining i spesialisthelsetenesta på Helsedirektoratet sine heimesider.

Dersom du ønsker individuell plan kan du ta kontakt med koordinerande eining. Medlemmane er:

  • Kommunalsjef for helse og velferd, leiar
  • Einingsleiar helse, medlem 
  • Einingsleiar Nav, medlem

Pakkeforløp for psykisk helse og rus

Pakkeløpet skal gje deg som pasient eit behandlingsforløp som er heilheitleg og forutsigbart.

Les meir om pakkeforløpet på helsenorge.no.