Barnekoordinator

Ein barnekoordinator si oppgåve er å sikre naudsynt oppfølging og samordning av tenestetilbod kring barnet. Familiar med barn med behov for langvarig og samansette helse-, omsorgs- og velferdstenester har rett til å få oppnemnt ein barnekoordinator.

Barnekoordinatoren si oppgåve kan være å bidra til

  • å sikre naudsynt oppfølging og hjelp
  • at instansane kring barnet samarbeidar for å nå mål dei har sett seg
  • å sikre god flyt i informasjon mellom dei ulike hjelpeinstansane, og deg og barnet ditt
  • å sikre framdrift i hjelpeprosessen

Barnekoordinatoren kan leie ansvarsgruppa kring barnet. Du kan komme med ønske om kven du vil å ha som koordinator.

Mette K. Bjørk Ingvaldstad
Saksbehandlar / Kontaktperson
E-post
Telefon 404 39 095