Brukarstyrt personleg assistent (BPA)Lytt til tekstenStopp avspillingBrukarstyrt personleg assistentordning (BPA) er ein alternativ måte å organisere praktisk og personleg bistand for personar med stort hjelpebehov i dagleglivet, både i heimen og utanfor heimen. Målet er at det vert muleg for brukaren å ha eit aktivt og mest muleg uavhengig liv til tross for sin nedsette funksjonsevne. BPA vurderast i forhold til kva brukaren ville ha blitt tildelt med ordinære tenester, slik som heimehjelp, støttekontakt, miljøteneste, eller anna. Kven kan søkje? BPA passar til yngre menneske med nedsett funksjonsevne, som ønskjer å leve eit sjølvstendig liv. Ved å tilsette og leie sine assistentar sjølv kan dei organisere hjelpa. Brukaren, eller annan frivillig person som brukar utpeiker må vere arbeidsleiar for assistentane. Du kan ha krav på tenester organisert som BPA når du er under 67 år har eit langvarig og stort behov for personleg assistanse Meir informasjon om ordninga Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1, d Publisert 04.05.2018 15.48 Sist endra 04.07.2023 11.34