Omsorgsstønad

Omsorgsstønad

Søkar må ha fysiske, psykiske eller sosiale grunnar som forårsaker bistandsbehov frå privatpersonar:

  • Legeopplysningar
  • Søkar må være busett i Hjelmeland kommune
  • Andre tenester skal være utprøvd eller vurdert før vedtak om omsorgsløn vert fatta

Vilkår for tildeling

  • Ha behov for døgnkontinuerleg tilsyn, pleie og omsorg, så omfattande at kommunen si omsorgsteneste vert utilstrekkeleg.
  • Det må være ein kompetent privatperson om yter omsorgstenesta. Denne personen må være ynskt av søkjar.
  • Arbeidet må vurderast som særleg tyngande ut over det ein kan forvente av ein omsorgsperson.
  • Det skal være utprøvd, eller vurdert, andre kommunale tenester som t.d. heimehjelp, heimesjukepleie, dagsenter og avlastning.

Begrensingar 

Kommunen sitt totale tilbod skal leggast til grunn før vedtak blir fatta. Lova pålegg kommunen å ha tilbod om omsorgsløn til personar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.

Ingen har rettsleg krav på omsorgsløn. Då dette ikkje er ei pliktyting vil omfanget utover nødvendig helsehjelp bli vurdert opp mot budsjetterte rammer.

Føresetnadene og alle vilkår skal alltid være oppfylt før vedtak om omsorgsløn vert fatta.

Meir informasjon 

Meir informasjon om omsorgsstønad finn du på helsenorge.no

Omsorgsløn er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-6.

Hanne Bjelland Håland
Einingsleiar barnevern
E-post
Telefon 40 43 90 55