Løyvet gjer deg rett til å parkera på offentleg skilta og reservert parkeringsplass, dersom du har vesetleg nedsett evne til å bevege deg. Du treng ikkje å betale avgift, og du treng ikkje følge den lengste fastsatte parkeringstida.
Du får vanlegvis løyve for to til fem år eller så lenge førerkortet ditt er gyldig.
Kven kan søke?
Du kan søke om parkeringsløyve for nedsett funksjonsevne dersom du har
- vesentleg redusert gangevne som kan dokumenterast av lege
- behov for særleg kort veg frå parkeringsplass til bustad, arbeidsstad eller annan aktivitet
Du må fylle ut ein søknad der du beskriv minst ein eller fleire stader der du har problem med å finne ledig parkeringsplass i nærleiken til staden du skal til.
Tenk gjennom
- Kor du har problem med å parkere og kor ofte du er på denne adressa?
- Kvifor det er vanskeleg å parkera på denne adressa?
- Kvifor kan du ikkje nytte dei ordinære parkeringsplassane?
- Korleis kan parkeringsløyve konkret hjelpe deg på dei bestemte stadene du besøker?
- Dersom du er ofte til behandling, opptrening eller hjå lege må det stå i legeattesten og søknad.
Søk om parkeringsløyve
Legeerklæring
Det må også leggast ved ei legeerklæring som beskriv di reduserte forflytningevne. Du må bestille time hos fastlegen din.
Fyll ut vedlegg til parkeringsløyve - legeerklæring
Legeerklæringa gjer ikkje automatisk grunnlag for å få parkeringsløyve, det skal vurderast saman med ditt parkeringsbehov.
Publisert 03.10.2022 14.10
Sist endra 22.09.2023 13.27