Støttekontakt

Støttekontakt

Nokre menneske treng hjelp til å koma seg ut, vera saman med andre eller delta på aktivitetar. Støttekontakten er den hjelparen som bidreg til å gje ei meiningsfull fritid, få økt tru på seg sjølv, få noko å sjå fram til og skapa gode minne. 

Vil du bli støttekontakt?

Ingen mennesker er like og me treng forskjellige støttekontaktar, med ulike interesser og erfaringar. 

Me ønsker å koma i kontakt med deg som fyller desse krava:

  • Du er påliteleg og du likar å jobbe med menneske
  • Du er 15 år eller eldre
  • Du kan binda deg for minst eit år

Det er inga krav til utdanning for å bli støttekontakt/fritidskontakt. 

Noko for deg? Ta kontakt med avdeling for tilrettelagde tenester.

Korleis søkje for å bli støttekontakt?

Du kan velje om du vil vera støttekontakt for avdeling Barnevernstenesta eller avdeling Tilrettelagte tenester. 

Kva skjer vidare?

Du vil bli kalla inn til intervju. Får du tilbod om å vera støttekontakt må du levere politiattest og signere ei erklæring om teieplikt.

Trykk her for å søkje

 

Verdifull erfaring og eit meiningsfult oppdrag

Jobben som støttekontakt/fritidskontakt gjer verdifull erfaring for deg som ønsker å jobbe med menneske. 

Du gjer dei som treng støttekontakt/fritidskontakt ein ekstra glede i kvardagen!

Du får opplæring og rettleiing, i tillegg til relevant erfaring som kan brukast i CV-en.

Rettleiing for støttekontaktar

Som støttekontakt/fritidskontakt får du rettleiing som skal bidra til å hjelpe deg med oppdraget. Me lagar ein fast avtale om rettleiing ein gang i månaden og etter behov. 

Du skal levere rapport om kva for aktivitetar dykk gjer og korleis det går. Er det er noko som bør endrast? Rapporten leverast etter avtale, men minimum kvar 6. månad.
 

Betaling

Timebetaling

  • Frå 15 år kr 144,42
  • Frå 18 år kr 160,46
  • Frå 30 år kr 194,67

Du får i tillegg dekka utgifter til køyring og ein fast utgiftsdekning i månaden som skal dekke dine utgifter i samband med aktiviteter dykk gjer saman. 

Rettigheiter

Som støttekontakt/fritidskontakt er du oppdragstakar og har ikkje same rettigheiter som andre tilsette har.

Me vil derfor ikkje anbefale at jobben som støttekontakt/fritidskontakt er hovudinntekta di. 

Du får ikkje sjukepengar og du kan ikkje bruke eigenmelding viss du er sjuk. Du kan ta ferie, men får ikkje feriepengar i tillegg til timebetalinga. 

Til deg som ønsker støttekontakt

Har du behov for hjelp i kvardagen? Hjelp til å koma deg ut på aktivitetar?
Søk støttekontakt/fritidskontakt hjå Tilrettelagte tenester 

Har du behov for at nokon kan vera med barnet ditt for å finne på kjekke ting?
Har du kontakt med Barnevernstenesta kan du søke på dette skjemaet:

Fyll ut søknadsskjema.

Kontaktinformasjon

Tilrettelagte tenester

  • Mette Ingvaldstad
  • tlf. 404 39 095
  • e-post mette.ingvaldstad@hjelmeland.kommune.no

Barnevernstenesta

  • tlf. 51 75 00 00, tasteval 3
Hanne Bjelland Håland
Einingsleiar barnevern
E-post
Telefon 40 43 90 55