Kommunestyret har vedteke at me skal ha eit godt og tilgjengeleg vigselstilbod, med vekt på det seremonielle.
Alle som oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap i Norge etter ekteskapslova kan gifta seg i kommunen.
Avtal tid for vigsel
I utgangspunktet tilbyr me vigsel innafor normal arbeidstid på kvardagar. Om du vil gifte deg på eit anna tidspunkt, ta kontakt så kan me avtale ei tid som passar. Hugs å ta kontakt i god tid.
Ta kontakt med kundesenteret på
Stad for vigsel
Me har valt å tilby Spinneriet som lokale for seremonien. Det er eit unikt bygg som er restaurert som kulturbygg i Hjelmeland sentrum.
Om du ønsker ein annan stad er me veldig opne for det!
Vigslarar i Hjelmeland
I Hjelmeland er det ordførar, varaordførar og formannskapet sine medlem som er oppnemnt som vigslarar.
Det er visse formelle krav til kva som skal gjennomførast ved ein vigsel, desse følger av ekteskapslova § 11.
- minst to vitner skal være til stades
- vigslaren nyttar det borgarlege vigselsformularet
- vigsel vert i hovudsak gjennomført på norsk
- dersom de treng tolk må de sjølv skaffe det
Bortsett frå det formelle er det stort sett opp til dykk korleis vigselen vert gjennomført. Dersom det er ønske om musikk, diktopplesing eller liknande, er det viktig at det vert opplyst om dette i samband med bestilling av tid. De er sjølv ansvarlege for praktisk organisering av dette.
Etter vigselen får de med dykk ein midlertidig vigselsattest. Den endelege vert ettersendt frå Folkeregisteret.
Før de kan gifta dykk, må det prøvast om vilkåra for å inngå ekteskap er oppfylt.
- du må søke om prøving digitalt via skatteetaten.no
- saksbehandlingstida kan være inntil 5-6 veker
- ved gjennomført prøving får du tilsendt ein prøvingsattest digitalt
- prøvingsattesten er gyldig i 4 månadar og vigsel må difor gjennomførast innan desse månadane
I tillegg til prøvingsattest må du skaffe minst to vitner som skal vera til stades under vgiselen. Desse kan vera:
- forlovarane
- andre myndige personar
- kommunen kan stilla med vitner etter avtale
Les meir på Skatteetaten sine nettsider - Vegen til ekteskapet - steg for steg
Skal du endre namn i forbindesle med ekteskapet? Det ordnar du sjølv på skatteetaten.no sine nettsider.
Publisert 13.04.2018 09.50
Sist endra 14.08.2026 13.17