Politikontakt

Politikontakt

Kommunen har sin eigen politikontakt som er tilgjengeleg ein dag i veka. Politikontakten har eige kontor på kommunehuset, men er ofte rundt i dei ulike einingane.

Etter nedlegging av Hjelmeland lensmannskontor, har innbyggarane i kommunen nå fått sitt nye kontor på Jørpeland. Sjølv om fleire nå må kontakta kontoret på Jørpeland direkte (til dømes melde frå om tjuveri, eller våpensøknadar), vil det likevel være høve til å drøfta ulike saker og problemstillingar med politikontakten på Hjelmeland. 

Kontortid

Politikontakta har ingen fast dag i veka, men det utarbeidast fortløpande ei oversikt over oppmøte som distribuerast til dei respektive einingane ved jamne mellomrom. I tillegg til politikontakten si kontortid, har politiet operativt uniformert mannskap som jamleg patruljerar kommunen med spesielt fokus på førebyggjande arbeid. 

Politikontaktens hovudoppgåver

  • Syte for oppfølgjing av kriminalitetsførebyggjande strategi og politiet si rolle i kommunen.
  • Vere pådrivar for at politiråd og SLT-samarbeid fungerer i kommunen.
  • Vere eit av de viktigaste kontaktpunktane mellom politiet, befolkninga og de ulike aktørane i kommunen.
  • Gi råd om og følgje opp rett bruk av kriminalitetsførebyggjande metodar og tiltak.
  • Vere eit supplement til det øvrige kriminalitetsførebyggjande arbeidet i kommunen.

Kontaktinformasjon

Politikontakten står til kommunen sin disposisjon og kan kontaktast når ein har bruk for eit møte.

Jostein Flatebø, politioverbetjent.
Politikontakt Strand, Forsand og Hjelmeland.

Sør – Vest politidistrikt.
Søre Ryfylke lensmannsdistrikt.
Telefon: 930 21 356
E-post: jostein.flatebo@politiet.no