Vasskvalitet badevatn

Det vert tatt prøvar av badevatnet i sjø og ferskvatn på følgande badeplassar i kommunen: Sande, Kjelavika, Riskedalsvatnet, Hetlandsvatnet og Nesvik.

Grenseverdi for TKB (termotolerante koliforme bakterier) kan reknast som god, mindre god og ikkje akseptabel. Bakterietal på <100 reknast som god og bakterietall >1000 reknast som ikkje akseptabel. Alle prøvesvar med bakterietall mellom 100 og 1000 reknast som mindre god.

Prøvesvar frå vassprøvar 10.08.2021
Prøvesvar frå vassprøvar 10.08.2021
Badeplass Resultat
Sande (sjø) Mindre enn 10
Kjelavika (sjø) 30
Nesvik (sjø) 30
Riskedalsvatnet (ferskvatn) 20
Hetlandsvatnet (Sandnes) Mindre enn 10

 

Badetemperaturane finn du her