Sjukt eller skada vilt

Sjukt eller skada vilt

Kjem du over eit sjukt eller skada dyr har du plikt til å hjelpa etter dyrevelferdslova.

Påkøyrd vilt

Har du køyrd på vilt eller kjem du over vilt som er påkøyrd skal du alltid varsla Politiet, tlf: 02800.
Merk staden for påkøyrsla – dette for å kunna spora skadde dyr.

Følg aldri etter eit skadd dyr sjølv.

Dersom det gjeld hjortevilt vil politiet ta kontakt med det kommunale ettersøkslaget. Desse skal ta prøvar av dødt hjortevilt, avliva skadde dyr og eventuelt gjennomføra ettersøk for å finna og avliva skadde dyr, eller i beste fall friskmelda det påkøyrde dyret.

Sjuke eller skadde dyr - vilt

Gjeld det sjukt eller skadd hjortevilt ringjer du Politiet, tlf: 02800, eller den kommunale vilttelefonen, tlf: 404 39 129.

Finn du småvilt som er sjukt eller skadd skal du hjelpe så langt du kan. Er det så skada at det openbart ikkje kan leva lenger kan du avliva det, om du kan og har kunnskap til  gjera det på ein god måte.

Kan du ikkje hjelpa dyret sjølv tek du kontakt med Politiet, tlf: 02800.

For meir informasjon sjekk Mattilsynet sine sider.

 

Sjuke eller skadde husdyr i naturen

Kjem du over sjuke elle skadde husdyr skal du hjelpa dersom du kan. Du kan t.d. løysa eit dyr som står fast, eller snu opp ei sau som ligg på ryggen.

Kan du ikkje hjelpa, ta kontakt med eigaren. Er eigaren ukjent varslar du Politiet, tlf: 02800.

Då kan det vera nyttig å ha lagt merke til kjenneteikn som farge på øyremerke eller andre merke på bjøller, klave eller liknande.

Er det i heia eller i skog og utmark vil det vera nyttig om du har registrert nokså nøyaktig kor du fann dyret.

For meir informasjon sjekk Mattilsynet sine sider