Me har innført skotpremie på rev og mink frå 2024.
Les Fylkeskommunen si godkjenning av innføring av skotpremie.
Skotpremien er
- rev 500 kroner
- mink 300 kroner
Me samarbeider med Hjelmeland sau og geit, som tek i mot meldingar om felte mink og rev og registrerer dette.
Melding om felt vilt
Melding om felt vilt sendast på e-post til sven.g.westersjo@gmail.com.
Det må opplysast om
- namn på jeger
- adresse
- kontonummer
- gardsnummer / bruksnummer (gnr/bnr) det dyret er felt
- dato for felling
Fotodokumentasjon må leggast ved.
Jakttid
Me minner om jakttida for mink og rev:
- raudrev i perioden 15. juli til 15. april
- villmink heile året
Det kan ikkje utbetalast tilskot for rev som er felt utanfor jakttida.
Frist og utbetaling
Frist for å senda inn melding om felt vilt er 1. november.
Skotpremien vil bli utbetalt ein gong i året etter at me har mottatt oversikt over registrerte fellingar frå Hjelemland sau og geit.
Publisert 15.04.2024 12.59
Sist endra 12.08.2024 12.43