Vinterturen 2020/2021

Vinterturen 2020/2021

Bli med på vår heilt ferske konkurranse for 2020: Vinterturen!
Me har samla 10 forskjellige turar i nærmiljøet til deg. Dei fleste turane går langs opparbeidde skogsvegar og bør derfor vera rimeleg greie å ferdast på, sjølv om det skulle komma litt snø. Fleire av turane er ikkje merka. Likevel trur me at ved hjelp av karta du finn i heftet, vil du finna fram nokså lett. Men, du bør ha med kartet når du går.

Konkurransereglar

Ved turmåla finn du eit skilt, eller plakar med eitt eller to spørsmål som ikkje er så veldig utspekulerte. Skriv ned svar på spørsmåla og knyt dei til plassen du fann dei. Sjå elles konkurransereglane i heftet.

På veg mot turmålet vil du også kunne finna små skilt med ordtak, eller visdomsord som kan vera heilt på grensa til det morosame, håpar me.

Digitalt turhefte

Vinterturen 2020/2021 - digitalt turhefte.

Kartlenker til kvar tur

God tur! Og du, hugs å vera forsiktig, det kan vera glatte parti.