Eventyrskogen

Eventyrskogen

Eventyrskogen er ei trimløype for sansane dine. Her flyg ein ikkje avstad med høg puls og sveitt panne. Nei, gjennom Eventyrskogen skal du ta det med ro slik at sansane dine kan få vakne til liv - dei sansane du kanskje hadde som barn, men som har sovna med åra. 

Stien du går på gjennom skogen var i gamle dagar bindeleddet mellom bygda og fjellet. Men i seinare år har det vore lite trafikk her - ein kan snakka om urørt natur. Og akkurat slik ønsker me at det fortsatt skal vera. Derfor vil me setta stor pris på at ivrige barneføter så langt det er mulig følger stien og betraktar figurane frå denne, slik at mose og lav ikkje vert skadd og skogen får lov til å visa deg den magien som ligg i urørt natur. 

Korleis finne fram? 

Kjør inn mot kyrkja i Årdal frå riksveg 13 og følg skiltinga mot Eventyrskogen. For dei som er lokalkjente ligg Eventyrskogen i Bønardalen, forbi Dalane byggefelt i Årdal. 

Film: Visit Ryfylke